Qfilm er igang!

Qpris

Kultursalen, Trivselshagen, Sandane

Torsdag 17.november er det berre å dra fram finstasen, for då blir det Qpris! Dette er ein gallaaften med prisutdeling, rød løpar, musikk og kanskje nokon kjendisar? Vi har ein kortfilmkonkurranse gåande og vi skal denne kvelden kåre dei beste filmane. Vi skal dele ut prisar for:

- beste animasjon
- beste dokumentar
- beste fiksjon
- beste regi
- beste skodespelar
- beste nybyrjar
- publikumspris

Sistnemnde er det folket som har bestemt, og vinnaren vil få ein flott premie frå NRK Sogn og Fjordane.

Det vil også bli holdt tale av festivalleiaren, mykje nordisk live-musikk, danseinnslag og gourmet-mat. Og alt er heilt gratis! Ta med godt humør, ein ven eller eit familiemedlem og gjer deg klar for eit storarta show.