Stjernespekka fagdag
Under Qfilm-veka har vi ein fagdag der folk som har jobba mykje med film kjem for å dele deira kunnskapar. I år kjem det alt i frå folk som lagar musikkvideoar til profesjonelle skodespelarar. Firda VGS, ungdomsskulen på Sandane og alle medielinene i fylket vert invitert, og elles er fagdagen open for alle.
Årets føredragshaldarar er Per Christian Ellefsen, Kyrre Sydness, Eivind Taksrud og Inia James.
Per Christian Ellefsen blir sett som ein stor norsk skodespelar. Han er best kjend i rolla som ”Elling” frå filmen med same namn, ”Mors Elling” og ”Elsk meg i morgen”. Han har òg vore med i filmane ”Rare Exports” og ”Blåfjell 2” som begge blir vist på Qfilm. Han har jobba mykje med film og er godt kjend i det norske teateret. Han vann Amandaprisen i 2001 for beste mannlege skodespelar i rolla som ”Elling”.
Eivind Taksrud og Inia James har jobba i Hippie Studios sidan mars 2010. Hippie Studios er Norges største firma innan det å lage musikkvideoar. Dei har jobba med store artistar, som for eksempel Timbuktu, A1, Stella Mwangi, og ikkje minst Erik & Kriss. Dei har produsert videoen til «Ølbriller» som er den mest sette norske musikkvideoen på «YouTube»!
Kyrre Sydness er ein norsk skodespelar som har spelt i fleire
norske storfilmar. Han har blant anna spelt i «Max Manus»,
«Hodejegerne», «Varg Veum, «Kvinnen i mitt liv», «Mørke Sjeler», «Lønsj» og «Vegas». Han har óg spelt i norske TV-seriar som «Honningfellen», «Kaptein Sabeltann og Pinky» og «Åse Tonight».
Dette blir ein spanande og ikkje minst lærerik dag. Ein dag du absolutt burde få med deg!
Sjå programmet for dagen her: http://qfilm.net/program/