Snøhulemannen
I friminuttet på tysdag vart dokumentaren Snøhulemannen vist. Oppmøte var ikkje så bra som forventa, men det var likevel ein liten gjeng som kom for å sjå dokumentaren. Ein av dei som møtte opp for å sjå den var Roger Kolseth.
- Eg hadde ganske store forventningar til denne filmen. Eg tenkte det ville vere interessant å sjå korleis ein kan leve på fjellet ute i snøen, fortel Roger. Han seier han ville sjå filmen fordi han ville vite historia til mannen i hola.
– Det var ein veldig annleis dokumentar. Oppbygginga og historia gjorde den annleis, seier Kolseth.
– Eg vil absolutt sei at filmen levde opp til forventningane, avsluttar han.
