Qfilm er igang!

Qpris

Publikum var svært fornøgde med årets Qpris. Det var stort oppmøte og alle såg ut til å kose seg. Ved inngangen var det ein rød løpar, fotograf og velkomstdrinkar.

Heile showet var vel gjennomført i nordisk tema slik som resten av Qfilm-veka. Musikkelevar spelte nordisk musikk og danseelevar viste fram energisk dans. Arrangørane av festivalen var kledd i bunad. Sjølve Qprisen som dei beste kortfilmane vant, er Q-logoen laga i rosemaling av tre.

Vinnerane er:
BESTE ANIMASJON: Iver Heen Ask ”Ask Time Lapse”
BESTE NYBEGYNNER: Sondre Utheim ”Jord”
BESTE DOKUMENTAR: Silje Bråstad ”Kv BESTE SKUESPILLER: Sondre Utheim ”Jord”
BESTE FIKSJON: Bjørnar Hegg Lunde ”Skuggeprinsen”
BESTE REGI: Bjørnar Hegg Lunde ”Skuggeprinsen”
PUBLIKUMSPRISEN: Iver Heen Ask ”Ask Time Lapse”

Silje Bråstad vant prisen for beste dokumentar med filmen ”Kvernsteinparken”. Ho går på medium og kommunikasjon ved Sogndal vgs. Silje driv mykje med film på fritida og har ambisjonar om å studere vidare med film etter vgs.
Sondre Utheim vant pris for beste skodespelar og for beste nybegynner.
- Det var heilt uforventa, men kjempekjekt! Seier Sondre med eit smil om munnen.
Iver Heen Ask vant pris for beste animasjon og publikumsprisen. Eit utvalg av kortfilmane som var sendt inn blei lagt ut på NRK Sogn og Fjordane si heimesida slik at alle kunne stemme på kven som skulle vinne publikumsprisen og eit speglreflekskamera.

Per Christian Ellefsen, kjent fra rolla som Elling, var hedersgjest saman med Eivind Taksrud og Inia James, som mellom anna har laga musikkvideoen ”Ølbriller” av Erik og Kriss. Ellefsen syns det er fantastisk at Qfilm blir videreført fra år til år slik at alle kan lære av kvarandre.
- Vi er svært imponerte over at ein så liten plass har fått til noko så stort! Seier Eivind og Inia.
Mathilde Dahl Igland er leiar for Qfilm 2011, og haldt ein fin tale på Qprisgallaen. – Vi har verkeleg jobba hardt for denne veka, og det syns. Det har vore mange diskusjonar, men alt i alt har det vore kjempekjekt å jobbe med Qfilm.
Ho nevner at dei alle har lært mykje av denne perioden om bl.a. samarbeid, organisering osv.
- Eg er mest stolt av at dette er noko vi har fått til heilt sjølv, nesten utan hjelp. Vi har fått tak i foredragshaldera sjølv, ordna arrangement osv. Seier Mathilde i talen sin.

(Iver Heen Ask og Amalie Skrede manglar)