Klar for avspark
I morgon, søndag 13.november går startskotet til Qfilm av! Det blir mykje spennande aktivitetar i Trivselshagen for både store og små!
Det heile startar med eit Qfilm-eventyr for dei minste i kinosalen klokka 13.30, deretter blir det visning av den danske animasjonsfilmen "Orla Frøsnapper". Vidare utover dagen blir det natursti for alle og filmvisning av "Den kjempestore bjørnen" og "Varg Veum - I mørket er alle ulver grå".
Vi har lenge gleda oss til denne dagen og vi håpar at så mange som mogleg kjem, for ditta blir kjekt!
