Qfilm er igang!

Inspirerande fagdag

- Eg synest det er veldig flott å sjå alt det de har skapt, seier Per Christian Ellefsen, mest kjend som Elling, etter at han heldt foredrag i kultursalen.

I går var det var nemlig klart for fagdag ved Firda vidaregåande skule. Det var duka for felles-frukost for medieklassene halv ni, medan foredraga i kultursalen byrja kvart på ti.

Festivalsjef Mathilde Dahl Igland og presseansvarleg Heidi Hygen Skoghei åpna fagdagen med å introdusere Inia James og Eivind Taksrud – to filmentusiastar som har gjort suksess innan produksjon av musikkvideoar. Dei viste blant anna musikkvideoen «Ølbriller» med Erik & Kriss, som har fått over 3 millionar sjåarar på youtube. Med unge og nysgjerrige elevar i salen, fortalde dei om det å jobbe i filmbransjen.

Etter eit inspirerande foredrag, var det tid for ein kort pause etterfulgt av det mange såg på som dagens høgdepunkt; Per Christian Ellefsen. Han snakka om det å vere skodespelar, samt om verkemiddel i film. Du kunne også sjå han på kinolerretet i går kveld i filmen «Blåfjell 2», som avslutta den flotte Qfilm-veka.