God norsk krim
Etter to koselege barnefilmar, var det på tide å avslutte søndagen med litt Norsk kvalitets-krim. Den mykje omtalte ”Varg Veum - I mørket er ale ulver grå” stod for tur i kinosalen.
Etter litt svakt oppmøte på dei første to filmane, stod ikkje det på folk denne gongen. Godt med folk hadde samla seg i kantina når klokka nærma seg åtte.
Høge forventningar
Aleksander Kvernevik var på helgebesøk på Sandane og hadde høge forventningar til filmen. – Eg er glad i Norsk film og har store forventningar. Som tidligare Firda-elev har han besøkt Q-film ved andre anledningar. –Eg har god erfaring med Qfilm, og det har alltid blitt vist gode filmar. Han la til at det kan godt hende at han kjem tilbake i alle fall ein om ikkje fleire gongar i løpet av veka.
Blanda kritikk.
Helene Francis hadde høyrt kritikk som gjekk begge vegar i forkant av filmen. –Filmen har fått dårlig kritikk frå anmeldarar på nett, men vennar av meg som har sett den før har sagt det motsette. Filmen har som ho seier fått mykje dårlig kritikk med blant anna terningkast 3 i Dagsavisen og heilt ned i terningkast 2 hos BT.
Likte filmen
Mens rulleteksten gjekk og salen blei tømt snakka vi med Jan-Lukas Førde om kva han syns om filmen. –Eg hadde ingen spesielle forventingar fordi eg ikkje har sett noko Varg Veum før, men eg likte den absolutt. Som Firda-elev har han store planar om å besøke Qfilm vidare. –Eg kjem sjølvsagt tilbake.
Lovar godt
Etter ein litt skuffande start med lite oppmøte blei heldigvis avslutninga betre. Ca. 70 personar såg filmen, og diskusjonane gjekk heftig etter filmen. Dette lovar godt for resten av Qfilm-veka!
