Sparka i gong
Qfilm har starta, og veka er fylt med filmar og aktivitetar. Kick-Off opna veka offisielt, og studentar og vaksne møtte opp for å bli med på arrangementet. Det blei lokka med gratis vaflar og loddsal med fine premiar.
Leiaren for festivalen, Mathilde Dahl Igland, synest det var kjekt at så mange møtte opp denne kvelden. Ho er glad for at lokale bedrifter og butikkar har sagt seg villige til å sponse premiar til loddsalet. Leiaren er stolt over å kunne gi vekk så mange fine premiar. Hovudpremiane var fire flotte saccosekkar frå Sacco of Norway.
Det var stor interesse for nysteikte vaflar og filmmoro i dei nye og flotte lokala til Gloppen hotell. Iselin Kvernevik var ein av dei oppmøtte. Ho hadde aldri vore på Kick-off før, men hadde likevel eit bra inntrykk av arrangementet.
— Det kjem til å bli ein kjempekveld, seier Iselin.
Ho ønskjer å sjå så mange filmar som mogleg i løpet av veka, og gledar seg spesielt til filmen ‹‹Varg Veum- I mørket er alle ulver grå››. Noko ho også gledar seg til er Qpris der ho sjølv skal danse.
Jury-medlem Stian Cornelius Fagerlid meiner kortfilmane som er nominerte til publikumsprisen viser stor bredde.
— Det er bra at unge filmskaparar torer å velje ukonvensjonelle forteljarformer. Der er mange talent, og det ser lovande ut for filmframtida i fylket.
Neste år er det plass til enda fleire filmar, seier han.
I år var Kick-Off flytta frå kjellaren på Gloppen hotell til eit konferanserom i det nye hotellbygget. Dette var hotellet si sponsorgåve til festivalen. Leiaren for årets festival oppfordrar alle til å gå innpå NRK sine nettsider for å stemme på filmane. http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7867189