Qfilm er igang!

Aktivitetar tysdag 15. nov

Tysdag klokka 18.30 er det kjempeartige aktivitetar der alle ungdom er inviterte. Skattejakt, natursti og ”Catch a Q” står på dagens plan, og er du heldig og dyktig kan du stikke av med flotte premiar!

Etterfølgt av matservering på Open skule kl 16.00 synes vi den spanande thrilleren Babycall kl 17.00. Etter Babycall byrjar aktivitetane i kantina i Trivselshagen.

På skattejakta skal ein finne alle dei små Q-ane som ligg spreidd rundt. Naturstien vår handlar om nordisk film og Qfilm, så her spelar filmkunnskapane inn om du har planar om å vinne premiar. På same tid som skattejakta og naturstien er det ”Catch a Q”. Dette går ut på at ein skal tøme ei bøtte med små Q-ar over ein person. Den personen som tar i mot flest Q-ar vinn ein premie!

Klokka 20.00 går skifilmen ”Being There” på kinolerretet, ein film med mykje action, og med Aksel Lund Svindal i ein av hovudrollane.