Oslo 31. August
Onsdag 18:00
Drama
15 år
Anders Danielsen Lie spelar i denne filmen Anders, ein tidlegare lovande forfattar frå ein velståande familie. Han er ein 34 år gamal mann, og har vore fri for narkotika i om lag eit år. Han nærmar seg slutten av sitt opphald i eit avrusningsklinikken. Etter eit avbrote sjølvmordsforsøk får han lov til å kome på eit jobbintervju i Oslo. Han benyttar seg av tida han har, går rundt i byen og besøkjer gamle vener og bekjente. Sjølv om Anders, ein tidlegare lovande forfattar frå ein velståande familie, meiner livet hans er over, prøver han å få eit resultat ut av moglegheitene han har sløst bort. Filmen omhandlar Anders på dagen 31. August i Oslo.
Rare exports - Ei juleforteljing
Onsdag 20:00
Action/komedie
11 år
Rare exports fokuserer på ei gruppe lokale reineigarar som har fått jula forstyrra av utgravingar på fjellet. Ein vitskapsmann har fått tak i eit team arbeidarar til å grave det han kallar "Den største gravhaugen i verda". Reinen, som er viktig for lokalbefolkninga, blir mystisk drept, og forsyningar byrjar å forsvinne frå byen. Kven er det som står bak alt dette?
486 meter inni i Korvatunturifjella i Finland, ligg den største og mest hemmelige hemmelegheita om Julenissen. Tida er inne for å avsløre den. Denne jula vil alle tru på Julenissen.
Regissør Jalmari Helander er ein finsk regissør fødd i Helsinki 1976. Frå før har han laga kortfilmar som ”Maximillian Tarzan” og ”Ukkonen”.
Varg Veum - i mørket er alle ulver grå
Torsdag 22:30
Krim
15 år
Varg Veum vaknar av eit drønn som rystar heile Bergen, då eit våpenlager utanfor Bergen går i lufta. Fleire liv går tapt i det som blir Varg Veum sin største sak. Same natt blir Varg sin gamle ven Hjalmar funne brutalt myrda i leilegheita si, og Veum innser raskt at dei to hendingane har ei samanheng. Før Varg veit ordet av det, befinner han seg i Budapest, trukke inn i eit livsfarleg spel mellom ein internasjonal paramilitær organisasjon og ein mektig våpenprodusent. Varg innser at han denne gongen har teke seg vatn over hovudet i det kjærasten Karin forsvinn. "I mørket er alle ulver grå" er den tiande filmen i Varg Veum-serien, skrive av Gunnar Staalesen.
Regissør Line Rosvoll er fødd i Oslo i 1967. Ho er regiutdanna ved Statens Teaterhøyskole og etterutdanna i Tsjekkia. Ho jobbar ved Oslo Nye som dramaturg og instruktør. Ho har regissert blant andre ”Breaking the waves” og ”Det minner meg om Oslo”.
Blåfjell 2 -Jakten på det magiske horn
Fredag 18:00
Eventyr
Tillat for alle
No er oppfølgjaren på "Julenatt i Blåfjell ute". Historia byrjar med Dronning Fjellrose, som synst det stadig blir vanskelegare å vere blånissedronning. Pugging og forståing av blånissereglar hindrar Dronninga i å gjere det ho sjølv vil. Når Dreng og dei andre raudnissane havnar i fare på garden, trassar Dronning Fjellrose ein av dei aller strengaste reglane. Ho går på leiting etter det mystiske Blåhornet, eit magisk instrument som kan påverke veret og redde raudnissane.
Xercise
Mandag 12:00
Action
Xercise er inspirert av videospel, fylt med spenning og action. I denne fantasifulle kortfilmen ser vi ein person som spring overalt. Men kvifor spring han, og kvifor gjer han så mykje rart?
Glimt
Mandag 12:00
Komedie
Ein sjarmerande og humoristisk kortfilm som tar plass på ein barneskule, fylt med utspekulerte gutar, nysgjerrige på kva som er under kjolen til lærarinna.
Solstikk
Mandag 12:00
Drama/komedie
På ein varm sommardag på stranda møter vi ein desperat mann som gjer alt for å vinne tilbake dama han var i lag med, men uheldigvis er han ikkje den einaste. Greier han å få merksemda til eksen sin? Ein kortfilm du definitivt kjem til å hugse.
Anolit
Onsdag 11:55
Action/komedie/drama
Ein kortfilm med kjende filmfjes, blant anna med Aksel Hennie og Ane Dahl Torp. Ein vaksen, men ungdommeleg gjeng, finn på mykje rart for å helde spenning i kvardagen. Ei jente kjem inn i biletet, og Stefan (Aksel Hennie) blir betatt, men kven er ho eigentleg?
Operasjon BM72
Torsdag 12:00
Drama
I operasjon BM72 tar bestefaren med barnebarnet sitt på ei lita og fantasifull reise i det kalde vinterveret. Ein koseleg kortfilm om forholdet mellom to sjelevenar. Espen Vidar var først ute som regissør med kortfilmen Nord og Ned i 1996. Sju år seinare, i 2003, var Espen Vidar både regissør og manusforfattar til Operasjon BM72, som vi viser på festivalen. I 2005 regisserte han kortfilmen Tango Zippo. Vidar har i lenger tid vore knytt til filmbransjen, allereie tidleg på 90-talet var han undervisningsansvarleg for Oslo Film- og TV-akademi.
Desse filmane har gått
Orla Frøsnapper
Søndag 14:00
Familiefilm
7 år
Familiefilmen Orla Frøsnapper handlar om ein ti år gamal gut ved navnet Victor. Han bur i ein liten søvnig by og har ein hund som heiter Pølse. Den ekle bølla, Victor sin bitre fiende, Orla – betre kjent som Frøsnapper, bur der òg.
Orla Frøsnapper av Gert Fredholm og Peter Dodd, er ein dansk animasjonsfilm basert på Ole Lund Kirkegaards populære barnebok.
Den kjempestore bjørnen
Søndag 17:00
Eventyr
7 år
Det er ikkje greitt å vere minst. Det er noko dei fleste småsysken har erfart. For Sofie er det ekstra ille. Storebror Jonathan får gjere alt som er kjekt, medan ho får nesten ikkje lov til nokon ting. Så ein dag får ho bli med opp til morfar saman med Jonathan. No må han dele morfars oppmerksomheit med ho. Etter ankomsten til morfar får dei streng beskjed om å ikkje gå inn i den skumle skogen utanfor eigendomen. Selvfølgelig gjer dei det. Etter å ha ved eit uhell rive brorens trehytte, stengjer han ho ute. I neste sekund er ho vekke. Jonathan gjer seg I veg ut I skogen, på leit etter Sofie. Han må likevel passe seg, det er store farar som truar ute I skogen.
Regissør Esben Toft Jacobsen vart fødd i Danmark 1977. Han utdanna seg ved Danmarks Designskole og National Film School of Denmark i 2006. Han jobbar som freelance artist, og har i tillegg til å regissert ”den kjempestore bjørnen”, ”Carsten og Gittes Filmballade”, har han laga nokre kortfilmar og animert fleire dataspel.
Jägarna 2 - Falske spor
Mandag 20:30
Thriller
15 år
Ein kortfilm med kjende filmfjes, blant anna med Aksel Hennie og Ane Dahl Torp. Ein vaksen, men ungdommeleg gjeng, finn på mykje rart for å helde spenning i kvardagen. Ei jente kjem inn i biletet, og Stefan (Aksel Hennie) blir betatt, men kven er ho eigentleg?
Regissør Kjell Gösta Sundvall vart fødd i 1953 i Ederfors i Sverige. Han er ein kjend regissør her i Norden, der han fleire år har regissert politiserien Beck, og dei kjende filmane ”Grabben i graven brevid”, ”Ulvenatten” og ikkje minst ”Jägarna” som denne filmen byggjer vidare på.
Snøhulemannen
Tysdag 11:50
Dokumentar
Tillatt for alle
I denne dokumentarfilmen møter vi Sverre som er lei av det einsformige kvardagslivet. Han ønskjer utfordringar, og reiser vekk for å bu på fjellet, heilt åleine som ein stille protest mot samfunnets forbrukskultur og materialistiske jag.
Being there
Tysdag 20:00
Sportsdokumentar
Tillat for alle
Filip Christensen, 25 år, Lørenskog
Den unge filmskaparen frå Lørenskog har i sitt korte liv regissert fleire filmar.
Med 8 filmar på CVen slår han mange kjende Hollywoodprofilar, og har ikkje
tenkt å gje seg. Han er blitt ei stjerne i skimiljøet ilag med Field Productions
og har vunnet mange prisar. På skifilmens ”Oscar”, IF3, vant også årets
storfilm ”Being There” pris for beste europeiske film.